Bakgrunn og aktiviteter

I min doktorgrad studerer eg dei delane av hjernen som har med stadsansen og læring og hukommelse å gjere.

I mitt doktorgradsarbeid forskar eg på den funksjonelle organiseringa av hippocampus og entorhinal cortex i den mediale tinninglappen. I desse regionane finn me spesielle nerveceller, plassceller i hippocampus og grid celler i entorhinal cortex, som er viktige for stadsansen og for vår evne til læring og hukommelse. I mi forskning nyttar eg meg av intracellulær elektrofysiologi, trans-synaptisk tracing og calcium sensitiv imaging for å finne ut korleis dei nevrale nettverka i hippocampus og entorhinal cortex er organiserte, og kva som gjer dei i stand til å danne plassceller og gridceller.