Ole Jonny Klakegg

Professor Institutt for bygg- og miljøteknikk
73594740
Høgskoleringen 7a, Lerkendalsbygget * 2-143

Bakgrunn og aktiviteter

Professor i prosjektledelse. Tilsett ved NTNU, Institutt for bygg- og miljøteknikk. Fokusområde: Gjennomføringsmodellar.

Professor Prosjektledelse

Ole Jonny Klakegg (siv. ing., phd) har 28 års erfaring frå undervisning, forsking og konsulentverksemd innan prosjektledelse. 15 av desse åra var i privat sektor i ulike konsulentselskap. Perioden 2011 til 2017 i delt stilling 50/50 mellom NTNU og WSP. Resten består av 3 periodar ved NTNU. Han har erfaring frå mange typar prosjekt, spesielt større offentlege utbyggingsprosjekt med spesiell vekt på analyser av økonomi, framdrift og kvalitet med meir.

I dag er han knytt til forsking på gjennomføringsmodellar i tett samarbeid med BAE-næringa. I tillegg er han knytt til WSP som spesialrådgjevar i 20% stilling. Tidlegare (2004 - 2010) var Klakegg ansvarleg for forskinga på store statlege investeringsprosjekt i Concept-programmet ved Institutt for bygg, anlegg og transport, NTNU.

Forskingsinteressene rommar fleire store tema innan eigarstyring og leiing av prosjekt. For tida er ei hovudinteresse å relatere det vi har lært i Noreg til ein internasjonal kontekst.

Personlege forskingsinteresser:

  • Eigarstyring/overordna styring av prosjekt, prosjekt som verdiskaping
  • Gjennomføringsmodellar, prosjektmodellar og gjennomføringsstrategiar
  • Samspelprosjekt, kontrakter og incentivbruk
  • Tidlegfase i prosjekt
  • Risiko og usikkerhetsstyring
  • Ledelse i bygg og anleggsprosjekt
  • Prosessleiing i gruppeprosessar
  • Interessentledelse
  • Generell prosjektleiing og prosjektstyring (kostnad, tid, kvalitet, med meir)

Ole Jonny Klakegg er programleiar for BAE-programmet i Prosjekt Norge.

Lenker:

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner