Bakgrunn og aktiviteter

 

Eg er forskar og førsteamanuensis II ved Institutt for Bioteknologi og matvitenskap og tilknytta Nobipol. Forskinga mi er i skjeringspunktet mellom mikrobiologi, biokjemi og bioteknologi, og eg er med på både reine grunnforskingsprosjekt og industritilknytta prosjekt. I år koordinerer eg PhD emnet Prokaryot molekylærbiologi og vil også undervise Molekylærgenetikk.

Arbeidsområde:

  • Forstå og kontrollere biosyntesen av alginat i Pseudomonas fluorescens og Azotobacter vinelandii
  • Studere alginat-modifiserande enzym
  • Lage enzym med nye eigenskapar.
  • Utvikle mikroorganismer som kan lage ingrediensar til fiskefor med fokus på DHA og EPA
  • Cystedanning i A. vinelandii
  • Samlinga av Actinomycetar frå Trondheimsfjorden

Utdanning og arbeidserfaring 
Cand Scient frå UNIT, AVH 1987, PhD frå same stad i 1994. Eg var tilsett i SINTEF frå 1987 til 2004 som forskar og seinare seniorforskar. I 2005 tok NTNU over denne delen av SINTEF, og eg har sidan vore ved NTNU som fast vitskapleg tilsett i rein forskarstilling. Dette har omfatta leiing av prosjekt og koordinering av forskingsgruppe.

Det faglege fokuset mitt er oftast industriell bioteknologi der målet har vore å få bakteriar til å lage ulike produkt (protein eller metabolittar) i industriell skala. I stor grad har dette vore samarbeidsprosjekt der min del har vore på stammeutviklingssida. Eg har no erfaring med arbeid i ulike bakterieartar, dette inkluderer kloning, homolog rekombinering og å skreddarsy verktøy til ulike organismer.  Vidare har eg arbeidd med  produksjon, reinsing og karakterisering av ulike protein. Prosjekta har også gjeve erfaring i å søkje i ulike databasar for å finne gen som kan kode for ein ønska aktivitet eller klargjere metabolske spor.

Anna

Eg er med i styret for Trondheimsgruppa for Tekna Biotek, og er dermed med på planlegging og arrangering av ulike faglege seminar

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Viser et utvalg av aktivitet. Se alle publikasjoner i databasen

2017

2016

2015

2014

2013

2012

  • Maleki, Susan; Mærk, Mali; Valla, Svein; Ertesvåg, Helga. (2012) The effect of the Gcd, zwf-1 and zwf-2 genes on alginate biosynthesis and growth of Pseudomonas fluorescens. The FEBS Journal. vol. 279 (Supp. 1).

2009

2006

  • Gimmestad, Martin; Steigedal, Magnus; Ertesvåg, Helga; Moreno, Soledad; Christensen, Bjørn Erik; Espín, Guadalupe; Valla, Svein. (2006) Identification and characterization of an Azotobacter vinelandii type I secretion system responsible for export of the AlgE-Type mannuronan C-5-epimerases. Journal of Bacteriology. vol. 188 (15).

2005

  • Bakkevig, Karianne; Sletta, Håvard; Gimmestad, Martin; Aune, Randi; Ertesvåg, Helga; Degnes, Kristin; Christensen, Bjørn Erik; Ellingsen, Trond Erling; Valla, Svein. (2005) Role of the Pseudomonas fluorescens alginate lyase (AlgL) in clearing the periplasm of alginates not exported to the extracellular environment. Journal of Bacteriology. vol. 187 (24).

2004

  • Bjerkan, Tonje Marita; Bender, Carol; Ertesvåg, Helga; Drabløs, Finn; Fakhr, Mohamed K.; Preston, Lori A.; Skjåk-Bræk, Gudmund; Valla, Svein. (2004) The pseudomonas syringae genome encodes a combined mannuronan C-5-epimerase and O-acetylhydrolase, which strongly enhances the predicted gel-forming properties of alginates. Journal of Biological Chemistry. vol. 279 (28).

2003

  • Gimmestad, Martin; Sletta, Håvard; Ertesvåg, Helga; Bakkevig, Karianne; Jain, Sumita; Suh, Sang-jin; Skjåk-Bræk, Gudmund; Ellingsen, Trond E.; Ohman, Dennis E.; Valla, Svein. (2003) The Pseudomonas fluorescens AlgG protein, but not its mannuronan C-5-epimerase activity, is needed fro alginate polymer formation. Journal of Bacteriology. vol. 185 (12).

1999

  • Ertesvåg, Helga; Høidal, Hilde Kristin; Skjerven, Hilde; Svanem, Britt Iren; Valla, Svein. (1999) Mannuronan C-5-epimerases and their application for in vitro and in vivo design of new alginates useful in biotechnology. Metabolism: Clinical and Experimental. vol. I.