Bakgrunn og aktiviteter

Eg er stipendiat ved Institutt for språk og litteratur. Eg har ein mastergrad i nordisk språkvitskap frå NTNU, samt ein bachelorgrad i statsvitskap og årsstudium i religionsvitskap, også frå NTNU. 

 

Faglege interesser

  • Språkblanding
  • Setningsstruktur
  • Ordstruktur
  • Arvespråk (Amerikanorsk)

 

Mitt doktorgradsprosjekt:

I doktorgradsprosjektet mitt jobbar eg med amerikanorske nomenfrasar som viser ei blanding av norsk og engelsk. Amerikanorsk er språket som vart snakka av nordmenn som immigrerte til USA frå omtrent 1850 og framover. I dag finst det framleis nokre etterkomarar som snakkar språket. Den massive kontakta med engelsk, har sett sine spor i amerikanorsk, mellom anna i form av språkblanding, der engelske innhaldsord typisk opptrer saman med norske funksjonsord eller –affiks og i ei norsk ordstilling. Det eg er interessert i, er kva denne språkblandinga kan fortelje oss om strukturen til norske nomenfrasar, samt om prinsippa for språkblanding generelt. Teoretisk, følgjer eg ei eksoskeletal tilnærming, der den sentrale hypotesen er at syntaktiske strukturar utgjer eit abstrakt skjelett eller ei ramme som er generert uavhengig av orda som realiserer den. Funksjonelt materiale blir vidare analysert som realiseringar av funksjonelle trekkmatriser i strukturen, medan innhaldsord blir sette inn i særskilde, opne posisjonar. I tillegg til dei typiske blandingsmønstra i amerikanorske nomenfrasar, studerer eg òg eit meir uventa empirisk fenomen, nemleg førekomsten av den engelske fleirtalsendinga –s, genus, samt mogelege diakrone endingar i blandingsmønstra. Målet med prosjektet mitt er fyrst å gi ein formell analyse av amerikanorske nomenfrasar med språkblanding, og samtidig vise korleis ei eksoskeletal tilnærming egnar seg utmerka til å analysere dei empiriske mønstra.  

Rettleiarar: Tor Anders Åfarli og Terje Lohndal

 

Masteroppgåva mi:

Tittel: Syntaks og ortografi: Nye rammer for språknormering

I masteroppgåva mi undersøker eg kva konsekvensar det ville ha for språknormering om ho var basert på generativ grammatikk. Eg ser på to tilnærmingar innan generativ grammatikk, den leksikalistiske tilnærminga og ei eksoskeletal tilnærming, som eg kallar rammeanalysen, og eg argumenterer for at rammeanalysen gir den mest adekvate framstillinga av den internaliserte språkkompetansen.  Hovudargumentet i oppgåva er vidare at fastsette språknormer bør spegle nettopp internaliserte språknormer - altså kan rammeanalysen vere eit solid fundament for normeringsarbeidet. For å konkretisere konsekvensane dette vil ha for faktisk normeringsarbeid, hentar eg døme frå innstillinga til den nye nynorske rettskrivinga, som vart gjeldande frå 1. august 2012.

Rettleiar: Tor Anders Åfarli

 

Verv

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Viser et utvalg av aktivitet. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Bøker

  • Riksem, Brita Ramsevik. (2016) Grammatikk og rettskriving. Nye rammer for språknormering. Novus Forlag. 2016. ISBN 978-82-7099-868-5.

Rapport/avhandling

  • Riksem, Brita Ramsevik; Åfarli, Tor Anders. (2013) Syntaks og ortografi: Nye rammer for språknormering. 2013.

Andre

  • Riksem, Brita Ramsevik. (2017) Diachronic change in the patterns of language mixing - a case study of American Norwegian noun phrases in the 1930s/40s and today. Grammar in focus ; Lund University. 2017-02-02 - 2017-02-03.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2017) Nye rammer for språknormering. Seminar om grammatisk kjønn . Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon; Trondheim. 2017-06-14 - 2017-06-14.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2017) Stability or change in heritage Norwegian? Diachronic development in the patterns of language mixing. DiGS 19 Workshop ; 2017-09-05 - 2017-09-08.
  • Grimstad, Maren Berg; Riksem, Brita Ramsevik; Lohndal, Terje; Åfarli, Tor Anders. (2016) Word-internal language mixing, late insertion and underspecification. Comparative Germanic Syntax Workshop 31 . Stellenbosch University; Stellenbosch University. 2016-12-01 - 2016-12-03.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2016) Diachronic change in nominal structures: a case study of American Norwegian DPs. SynVar 3 . Delhi University; Delhi. 2016-10-10 - 2016-10-14.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2016) Language Mixing and Diachronic Change: patterns of change in mixed American Norwegian noun phrases. Heritage Language Acquisition: Breaking New Ground in Methodology and Domains of Inquiry ; 2016-09-19 - 2016-09-20.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2016) Lexicalist vs. exoskeletal approaches: mixed American Norwegian DPs. Indo-Norwegian Syntax Workshop ; 2016-09-12 - 2016-09-13.
  • Grimstad, Maren Berg; Riksem, Brita Ramsevik. (2015) Exoskeletal approaches to grammar: evidence from mixing and flexibility. Norwegian Graduate Student conference in Linguistics and Philology (NoSLiP) . LingPhil; UiT, the Arctic University of Norway. 2015-01-22 - 2015-01-23.
  • Nygård, Mari; Riksem, Brita Ramsevik; Åfarli, Tor Anders. (2015) What language mixing can tell us about the syntax of gender. Linguistics Complexity in the Individual and Society . LCIS, NTNU; Trondheim. 2015-10-15 - 2015-10-16.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2015) Språkblanding i amerikanorske nomenfrasar. MONS 16 - møte om norsk språk . UiA; Kristiansand. 2015-11-25 - 2015-11-27.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2015) Språkblanding i nomenfrasar. Fagdag om amerikanorsk ; 2015-03-27 - 2015-03-27.
  • Riksem, Brita Ramsevik; Grimstad, Maren Berg; Lohndal, Terje; Åfarli, Tor Anders. (2015) Language mixing within verbs and nominal phrases in American Norwegian. International Symposium on Bilingualism 10 . Rutgers University; New Brunswick. 2015-05-20 - 2015-05-24.
  • Grimstad, Maren Berg; Riksem, Brita Ramsevik. (2014) «Jeg teach-a første grade-en» - språkblanding i amerikanorsk. Lunsjforedrag i anledning den europeiske språkdagen . NTNU Universitetsbibliotek, Dragvoll; NTNU Universitetsbibliotek, Dragvoll. 2014-09-26 - 2014-09-26.
  • Grimstad, Maren Berg; Riksem, Brita Ramsevik; Åfarli, Tor Anders; Lohndal, Terje. (2014) The inadequacy of feature-based lexicalist theories: A case-study of American Norwegian. 5th Annual Workshop on Immigrant Languages in the Americas . UCLA; Los Angeles. 2014-10-17 - 2014-10-19.
  • Riksem, Brita Ramsevik. (2014) Language Mixing in American Norwegian DPs. Distributed Morphology and Language Mixing (DAAD project Stuttgart-Trondheim) . DAAD; Trondheim. 2014-12-01 - 2014-12-01.
  • Vulchanova, Mila Dimitrova; Åfarli, Tor A; Riksem, Brita Ramsevik. (2013) Syntaktisk teori og den strukturelle "nærleiken" mellom nynorsk og bokmål. Møte om norsk språk (MONS) 15 . Universitetet i Oslo; Oslo. 2013-11-21 - 2013-11-23.