Bakgrunn og aktiviteter

PhD-stipendiat (oppstart desember 2014)

Arbeidstittel på PhD-avhandling:

"Real-time monitoring of stability in power electronic dominated power systems"

/ "Sanntidsovervåkning av stabilitet til kraftelektronikkdominerte kraftsystem"

Vegleiar: Marta Molinas (ITK), biveiledar: Olav Bjarte Fosso (ELKRAFT)

Kort samandrag:

Ulike typar kraftsystem inneheld ein aukande andel kraftelektronikk i både produksjon, overføring og forbruk. Dette bidrar til å endre den dynamiske oppførselen til systemet, og stabilitetsmarginane kan potensielt bli redusert. Den tradisjonelle måten å betrakte eit kraftnett på, med store produksjonseiningar som forsyner last via transmisjonslinjer, vil kome til kort i framtidas kraftsystem. 

System som inneheld mykje kraftelektronikk er vanskelege å modellere med nøyaktighet, og dynamikken er i stor grad påverka av kontrollsystem. Stabilitetsproblem og harmoniske resonansar er difor vanskelege å forutseie sjølv med avanserte analysar. Ny forskning arbeider difor med metodar for å overvåke/måle stabiliteten i eit nett i sanntid. Slik informasjon kan brukast til å auke driftssikkerheten drastisk enten den blir utnytta manuelt av nettselskap, eller gjennom å automatisk endre kontrollstrategiar/kontrollparametrar.

Dette er eit forholdsvis ferskt fagfelt for vekselsstraumsnett, og PhD-arbeidet siktar mot å bidra både med forbetra teoretisk grunnlag, samt laboratoriebaserte implementeringar og demonstrasjonar.

Nøkkelord: Impedansbasert stabilitetsanalyse, det generelle Nyquistkriteriet

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Del av bok/rapport